Eg har gitt healing heile mitt liv, sa ho. Men eg har gitt av min eigen energi.
Jun 17, 2024Det gjekk det opp eit lys for ho. No forstår eg det, eg har gitt healing heile mitt liv, men eg har gitt av min eigen energi.
Den store skilnaden på å ha reikihealing er at ein gjev frå reikienergien frå ein energie ein har fått av sin reikimester. Det som er den store skilnaden, er at ein ikkje lenger blir så sliten når ein gjev heling, ein får derimot heling sjølv.
Eg hugsa ein gang tilbake frå før eg blei reikimester og hadde gått igjennom dei tre nivåa i reiki som inneberer magiske innviing i reikikrafta. Nok om det eg var på ei samling med mange andre lærar, ikkje berre frå min skule. Eg havna ved sidan av ei som var veldig sliten, og virka nedfor. Eg kunne ikkje fordra dette, men samtidig var det litt spennande. Eg sendte healing til ho, og oppdaga til min store forbausing at ho blei lysare til sinns. Hmm tenkte eg, så eg har healingevner.
Eg hugsa tilbake på den dagen, og mitt lille helingprosjekt. Eigentleg hadde eg lyst å fly på fjellet den ettermiddagen, men det gjekk ikkje. Eg var heilt tappa for energi, utan å heilt forstå kvifor. Eg hadde jo berre såtte i ro og høyrt på ein foredrag heile dagen…
Når eg begynte på min reikiutdanning fortalte eg dette til min reikilærar. Ho sa noko eg seint vil gløyme; du gjev ikkje heling, du lar andre ete av din energi, dei nærer seg på dine krefter. Når du gjer dette må du bruke lang tid på å bygge dei opp igjen. Du må ikkje gjere det, sa dama på over 70 år. Du må beskytte din aura som er ditt energifelt, og ikkje la andre komme inn å nære seg på din energi. Det er veldig viktig når du skal vere ein reikihealer.
Eg forstår det no i etterkant, men eg trudde eg gav healing og kunne kople meg på kjærlighetskrafta, og det kunne eg jo på ein måte. Eg kopla meg på meg sjølv og mi sjel og gav derifrå. Det er ikkje før i etterkant eg er i stand til å forklare det, og kan sette ord på det. Eg var ikkje var sterk nok til å bære all verdenssorg på mine skuldrar. Eg trengte hjelp frå ei høgare kraft som hadde eksistert i hundre tusenvis av år. Reiki blei min reddning, og forandra korleis eg lever mitt liv. Eg blei reikimester, det var veldig klart for meg at det var min veg, utan å kunne forklare kvifor.
Etter eg blei reikimester og etter meir eg praktisera reiki, dess sterkare blir helingseffekten. Og her kjem det som kanskje er viktigast av alt; Eg får heling når eg gjer heling.
Det er akkurat som om eg tek mine kundar eller studentar inn i ei glitrande boble, der reikeiheling energien bevegar fritt, og går der den skal. Eg blir heile tida rettleia frå ein høgare kjelde, og får beskjed om kva eg skal gjere.
Eg er så takknemleg for at andre også fekk erfare at reikiheling funkar, utan at eg blir tappa for energi.
Den åndlege praten og veledninga i ei trygg gruppe gjorde at lyset inni ho blei tent og gamle sår begynte å heale. Det var ein magisk reikiretreat.
Har du lurt på om du også har healingevner? Ta quizen min og finn det ut!
Motta 10 healingtips som kan støtte deg i di sjølvutvikling.
Vi sender ikkje spam