Min akademiske bakgrunn hadde tatt overhand
Sep 03, 2024Sensetive sjeler
Som sensetiv kjenner du andre sine kjensler, og somme kan til og med føle eller høyre kva andre tenker. Eg er ei slik sensetiv sjel, og for meg blei reiki ( og astrologi) vegen til å forstå meg sjølv betre.
Når eg voks opp var eg ei sterk men følsam jente. Eg lòt aldri nokon fortelje med kva eg skulle tenke eller gjere. Så kom vaksenlivet, der forventningar, tilbakemeldingar, morsrolla, rolla som kjæreste, pedagogisk leiar, og dei siste ti åra som lærar å innhenta meg. Som sensetiv var dagane fylt opp av alt mulig mellom himmel og jord, og luksusen som å ta seg ei pustepause var noko eg ikkje unte meg,
Andre sine behov kom før mine, sån måtte det berre vere i mitt hode. Det var vanskeleg for meg å sette grense, fordi eg såg og følte at dei trengte meg. Det å vere godt likt og sjå at andre rundt meg hadde det bra, var drivkrafta. Dess meir eg gjorde, dess meir kreative opplegg eg hadde på skulen, og flotte kondittorkake eg hadde i bursdagsselskap, dess meir respons fekk eg.
Heilt til eg ein dag blei aka over ende i ein akebakke og landa med all mi kraft på nakken. Eg prøvde å halde fram på same måten, men kroppen min tvang meg til å lytte innover, smertene var for store, eg klarte ikkje lenger å oversjå dei eller stenge dei ute.
På den tida hadde eg begynt på reiki 1. Min spirituelle læraren snakka om at det alltid burde vere ein balanse mellom yin og yang. Eg hadde høyrt om dette tidlegare i min yogapraksis, men ikkje tenkt noko vidare på det. Ho fortsette å snakke om denne balansen mellom å gjere og vere.
Den høgre sida er den maskuline, den som gjer og vil utrette ting, medan den venstre er kjærligheten, det mjuke. Eg begynte å reflektere, det var høgre sida mi som er skada, er dette tilfeldig?
Eg fortsette å ignorere faresignala og lot høgre sida styre meg, det blei behandlingsopplegg, rettleiing av fyseoterapaut. Eg fortsette å tru at det å yte mest mogleg gav meg større verdi. Sjølv om fyseoterapauten sa eg skulle ta det med ro på trening, sa hode mitt at det var om å gjere å løfte tungast vekte, bli sterk. På den måten unngjekk eg at følelsane kom igjennom, for om eg skulle velge å lytte til kroppen viste eg at det ville bli smertefult.
Eg hadde gitt frå meg makta, eg lot andre få bestemme kva som var bra for meg eller ikkje, min akademiske bakgrunn hadde tatt overhand. Eg høyrte på det fysioterapeuten råda meg til, sjølv hadde ingen eigne meiningar. Heilt til ho ein dag sa at eg ikkje var:
«heilt etter boka». Dette fekk meg til å tenke, kven er eigentleg det?
Er vi komt så lagt at vi trur vi kan beskrive ein person etter ei bok? At nervesystemet og alle mediananse som samarbeider kan forenklast på denne måten? Kor dumme og sneversyna er vi blitt tenkte eg. Livet er meir komplekst enn som så. Vel kan eg ikkje forklare reikienergien som omsluttar alt, og ser heilheten i menneske på samme måte som i ei bok om prolaps og opptrening.
Eg valte på det tidspunktet å bli betre, og lytte til mi eiga feminine kraft og mi indre stemme. Eg opna hjarte mitt, la skepsisen til side og følte mi venstre feminine side ta form. Tilliten til livet kom tilbake, og pillar frå legen med all mogleg slags bivirkninga blei bytta ut med reikihealingenergi, det skulle sakte men sikkert endre livet mitt og verden rundt meg.
Eg innsåg at eg måtte sette omsorgsfulle grenser for meg sjølv, for å ta tilbake makta og sjølvverdet. No søker eg dei gode kjenslene og bekreftelse frå hjartet mitt og sjekkar inn om chakra mine er i balanse.
Har du lurt på om du også har healingevner? Ta quizen min og finn det ut!
Motta 10 healingtips som kan støtte deg i di sjølvutvikling.
Vi sender ikkje spam