Start Her

Døden, er den endeleg?

den lille død døden følelser hat kjærlighet reikeheling sjelsreise spirituell søvn åndleg Aug 16, 2024
Kva skjer etter døden?

Vanlegvis kontaktar folk meg fordi dei vil ha hjelp.  Det kan vere ulike grunnar til at livet er utfordrande. Men sjeldan er dei så sjuke at dei er døden nær. Som reikimester er eg svært forsiktig med å love noko eller gje dei falske forhåpningar. Vi skal aldri erstatte legevitskap, men ein kan vere eit supplement som ser heile menneske, også energetisk

For oss som er her på jorda og har opplevd å miste nokon, vekker det ofte mange sterke kjensler. Sakn, refleksjon over ting som har vert, gode studer og dårlege stunder.

Mirakelet og gleda vi føler når nokon blir født, og sorga vi kjenner når nokon dør er vanskeleg å beskrive med ord. Vi kjenner det på kroppen. Det set seg i energikroppen vår, som ein del av vår livshistorie.

 

Den lille død

Når vi søv kallar vi det den lille død, du har muligens sovna og vakna brott. Då kan du kjenne eit sug i magen, og det føles ut som eg dette nedover.

Mange gangar har eg lurt på korleis eg får denne kjensla når eg ligger heilt i ro i senga, eller å kviler på sofaen. Vi har alle ei sjel, den er festa i to usynlege trådar i kroppen vår. Ein i panna, og ein i hjerte. Når vi søve svever sjela over kroppen. Om vi vaknar brått, kjem den inn igjen i kroppen.

Det er fasinerande å tenkje på, vi har alle ulike oppgåver når vi søve. Vi kan vere ulike plassar, for å utivkle vår sjel i drømmane, men også for å bistå andre. Det er derfor det er så viktig kva du ser på tv eller kva frekvens du koplar deg på før du sovna, fordi det vil følje deg inn i draumane, og inn i di sjelsreise om natta.

Etter som vi blir eldre søv vi meir og meir, slik at kroppen skal førebu seg på døden.

For kva skjer etter døden?

Når vi dør forlet vi kroppen vår, og dei usynlege trådane som var der, blir kutta. Ein forlèt ein tempelet sitt i dette livet. Ein får mulighet til å sjå og følje sine nære og kjære den første tida, og befinner seg i ett slør som er den første delen av døden. Det er derfor mange får kontakt med sine kjære kort tid etter dei er døde.

Når du er i denne fasen som sjel får du sjå livet ditt i reprise, har du gjort det du planla før du kom ned på jorda? Har du klart å utvikle deg frå forgje liv og kva må du jobbe vidare med? Vi skal utvikle oss, og det er ikkje alltid så lett. I denne fasen vil vi få sjå alt det gode vi har gjort, men også alt det vonde vi har skapt for oss sjølv og dei rundt oss. I esororikken seier vi at det er på jorda alle kampane førgår, og det er jammen sant. Når ein er død, føler ein berre kjærlighet, og forstår at alt heng saman med alt. Ensomhet etter døden er ein illusjon, først då får vi møte vår sjelsgruppe, som er på samme bølgelengde som oss, har same utfordringane. Vi får velje eller får tildelt ein mentor som skal hjelpe oss, og er med å evaluere dei vala vi gjorde i livet vårt, og gjere oss klar for eit nytt liv på jorda. Det er ulikt kor lag tid vi brukar på den andre sidan, før vi vel å komme ned til jorda igjen. Det einaste som er sikkert er at vi har fri vilje, og kan sjølv bestemme kor tid vi er klare.

Dei som blir avbrutt i si sjelsreise og døyr i ei ulukke eller liknande kan returnere kjappare. Då dei blei reven bort mot sin vilje, det kan føles som eit overgrep mot deira sjel, og vil derfor returnere for å fullføre sin sjelsplan. Medan dei som har levd eit langt liv kan bruke lenger tid.

Å vere ei sjel utan kropp er ein harmonisk oppleving av ubetinga kjærlighet. Det er når vi kjem ned på jorda at vi får følelsar som sinne, glede, redsel, kjærlighet, hat, utslitt, energetisk osv.

Desse kjenslene er eit kompass for sjela, stopp opp og lytt etter kva som er best for deg. Det er dette kompasset vi startar med å få kontakt med og heale når du startar på reikimesterutdannelsen

Vi får også kontakt med den åndlege delen av oss,og desse uendlege energiane som nokon kallar kjærleikskilda og andre kallar gud. Reikienergien ligg der  som ei kule festa i to livstrådar til det vi kallar gud. Reikikula er ein glitrande heling energi, så kraftfull! Den einaste helingenergien som krev innvielse av ein reikimester/læra der du får anledning til å blir inlemra i den mystiske reikienergien

Har du lurt på om du også har healingevner? Ta quizen min og finn det ut!

Ta meg til quizen!

Motta 10 healingtips som kan støtte deg i di sjølvutvikling.

 

Vi sender ikkje spam