Start Her

Det er behageleg å vere i ubehag - då veit ein kva ein har!

astrologi endring feil heling indrebarnet reike reiki1 sjølvutvikling ubehag Jun 11, 2024
 

Har du nokon gang tenkt på det på denne måten? Sjølv om du har det kjipt, kan det vere like greitt. Det høyrest kanskje rart ut, men mange gangar så er det slik.

Ein vil gjerne ut av ein bestemt situasjon, men vel å vere der fordi det er komfortabelt å vere ukomfortabel . Då veit ein i alle fall kva ein har. Dette er grunnen til at eg inkluderer astrologi i lesning i mitt reikimesterkurs. Der får ein evaluert sitt liv, og ikkje minst får forståelse for tidlegare liv og sine sjelesår. Som gjer det lettare å forstå seg sjølv. For det er jammen ikkje enkelt å heale seg sjølv, og bryte gamle mønster. All respekt til dei som kjem å får reikihealing, og er villig til å ta tak i sine liv, for å ta seg sjølv på alvor.

Slike sår ligg ofte djupt i oss, det kan vere sår frå barndommen eller andre forhold som har lagt band på oss, eller såra oss. Eg hugsar frå min eigen barndom at eg ville at alle skulle ha det bra, og at alle skulle vere venner heile tida. Det var ein tøff jobb, det kan eg love deg. Eg trur mange som er sensitive kan kjenne seg igjen.

Å passe inn, og bli likt er ein overleveringsstrategi som var svært viktig i dei tider vi levde i «hulesamfunn». Da var viktig å bli godt likt så du fekk mat og drikke, og husly. Å skilje seg ut i flokken kunne bety forskjell på liv og død, det er instinkta våre som styrer oss.I dag har vi så mange val, og uendelig mange muligheter. Men det krev mot å gå ein ny veg, og gjere det ein verkeleg har lyst til!

Når du vel å gå denne vegen der du tek deg sjølv på alvor, begynner reisa di til å ta reiki.

Eit av mine reikiprinsipp er at ditt inndre barn treng oppmerksonhet og trøst.

Du kan starte med å visualisere at du tek deg sjølv. Eg kan guide deg gjennom eit eksempel frå eigen erfaring.

Eg blei stoppa i min oppvekst, når eg skulle sei mi meining blei eg dytta i sida eller gitt eit hardt blikk for at eg skulle vere stille. I dei seinare åra oppdaga eg at eg fekk problem med halschakra mitt, og måtte inn å jobbe med dette. Eg merka det i sosiale settingar, der eg ofte let vere å sei mi meining, og blokkeringane blei berre verre. Dette området i livet mitt trengte healing. Eg begynte å lære meg korleis det kjentest ut når eg stoppa meg sjølv frå å prate. Når eg fekk denne følelsen stoppa eg opp og sat med den. Eg sa Ti meg sjølv: «lille Annette, det går bra. Det er trykt å sei det du meinar». Lille Annette kunne gjerne svare «tenk om det er feil». Eg trøsta mitt indre barn og sa: «det er ingenting som er rett eller feil, og om det er feil så lærer du noko av det også». Etter eg hadde trøsta meg sjølv på denne måten kjende eg at det å vere sin eigen beste venn var utruleg healande. Etter eg blei reikimester kan eg samtidig gje meg sjølv healing på ein kraftfull måte. Reikihealing har gjort slinke indre heilingsprosessar mykje enklare.  

Har du lurt på om du også har healingevner? Ta quizen min og finn det ut!

Ta meg til quizen!

Motta 10 healingtips som kan støtte deg i di sjølvutvikling.

 

Vi sender ikkje spam