Eg vandra fortvil ut i nattemørket
Nov 26, 2024Eg gjekk ut i nattmørket, fekk ikkje sove.
Bekymringa og lengselen etter å passe inn, og gjere alle til lags blei for stor å bære.
Vi var på tur med barna i barnehagen, og møtte på ein dam ut på jorde som såg ut som om den frosset på det stor jordet. Eg går ut å sjekker om den er trygg, så ungane kan få leike på den. sa eg til dei andre. Om den tåler deg så tåler den ein flodhest ropte assistenten etter meg, orda brant seg fast i underbevisstheten min.
Eg ville berre vekk. Etter eit år på fem to diett var det ei på jobb som kaldte meg feit. Eg forstod ingenting, hode mitt kokte, og streben etter å leve opp til andre sine ideal var håplaus.
Det var meir en eg kunne bære.
Eg prøvde å sove den kvelden, men tankane og smertene hadde ikkje blitt lytta til, og blei for tunge å bære. Fortvila sa eg til mannen min at eg orka ikkje meir, og for ut. Eg må berre vekk, eg prøvde å rømme frå mine eigne følelsar, ut døra for eg. Det var mørkt og kaldt. Følte meg fortapt sjølv om eg hadde ei god utdanning, nydelg familie og flotte venner.
Det var så mørkt ute at eg såg knapt vegen,
ikkje viste eg kor eg skulle gå heller. Når eg kom til første krysset, stoppa eg opp. Kva veg skulle eg gå?
Eg såg opp i stjernehimmelen, og vedsiden av meg dukka det opp fem englevinger i eit tre, skinnande kvite, nokre var større en andre. Var det dette kvite lyset dei kalte englar? det var som vinger av fjør... Deretter kom ein energi og holdt rundt meg og førte meg tilbake til senga. Det var som om eg blei holdt og ført tilbake av ei bestemt eldre hand, og samtidig var ingen der.
Han løfta meg kjærleg opp i senga, det kjenntes ut som eg sveva. Han brødde på meg dyna, når eg såg opp såg eg ein eldre mann som sat ved senga mi, han hadde kvitt hår og kvitt skjegg, og passa på meg der til eg sovna. Det var som han passa på meg, eg hugsa det som om det var i går, sjølv om det er over 10 år sidan. Vi levde i eit eldre hus den gangen med sjel og ei historie som gjekk 100 år tilbake i tid.
Var eg begynt å bli gal?
Eg kunne jo begynne å lure, eg holdt dette tett til brystet, og har ikkje fortalt nokon om dette før no. men brukte det som styrke. Eg hugsa eg tenkte når eg var liten at det måtte vere meir mellom himmel og jord en det alle andre såg.
Når eg var liten var eg alltid redd for å gå opp trappa i huset på garden der besteforeldra mine budde, dei andre lo av meg, og sa eg skulle slutte å tulle, eller innbille meg ting om eg skal ta det ordrett.
Det var ingen i trappa, men eg var likevel livredd. Heldigvis var det trykt alle andre plassar, og eg fekk rikeleg med kjærlighet. Eg følte meg som eit elska barn,
Etter kvart oppdaga eg kor redd eg var i kvardagen, eg hadde glømt å lytte og ta på alvor den viktigaste personen i mitt liv, som var MEGSJØLV. I vaksen alder hadde eg opplevd noko som ingen kunne ta i frå meg, det var noko nytt som eg helst ville gløyme, men korleis kunne eg gløyme ein slik kjærlighet. kven kunne eg snkakke med som ville forstå?
PÅ leit etter støtte
Ei på jobben hadde opplevd å miste faren sin i ung alder, og hadde opplevd at han sat ved senga hennes til han opplevde at ho og søskena hadde det bra, så for han. Ho hadde gått til ei ut i Florø, som dreiv med fotsoneterapi. Så kunne ho sjå ting, fortalte ho. Eg fekk nr. hennar og reiste ut i håp om at det var nokon eg kunne snakke med som ville forstå, og sjå meg på eit djupare plan.
Når eg la meg ned på benken henna, kunne eg kjenne ein varm følelse i kroppen. Eg hadde vert til healer før, som sa eg skulle kjennne prikking i føtene, men eg kjente ingenting.
Trua på healing var så som så. Men dette var annleis. Ho såg også kva eg sleit med utan at eg satte ord på det. Tenk at ho kunne gje meg ein varmande kjærlighetskjensle i kroppen, som løste opp alt, litt etter litt. Ho kalla det reiki, eg hadde aldri hørt om det før. Frykt blei til forståelse Det blei mange turar til ho, og kva behandlinga kosta var heilt uvesentleg. Det hjalp både fysisk , psykisk og åndeleg. Hjelpa eg fekk hadde så uendeleg verdi for meg og familien min. Dette var min første møte med reikihealing, og den nydleg reike avstandshealinga eg fekk når tvilen på at alt ville ordne seg blei for stor , var livsviktig for mi helse, og starten på mi reikse inn i reikihealingverden.
Mi reise til reikihelingkrafta - no gav eg lenger ikkje vekk mi kraft
I 2022 kalla sjela mi til Karmøy og Aimstudeo, der tok eg reiki 1og 2, sjela og kroppen var frå seg av glede, så det var lett å gå vidare til reikimester. I 2024 fekk eg muligheten til å ta reikilærar, sjela dansa. No kunne eg bruke formiddlingsevna mi til å lære andre denne healingteknikken som heite reiki, for ein spennende måte å undervise på . Lærar i mystikk tenker eg av og til, og humra for meg sjølv.
Tenk så heldig eg er som får vere med å innvie studentar i reikikrafta, og for ein forskjell alle dokke kan gjere, ved å spre healing, og hjelpe andre.
Reikikrafta er unik
Har du lurt på om du også har healingevner? Ta quizen min og finn det ut!
Motta 10 healingtips som kan støtte deg i di sjølvutvikling.
Vi sender ikkje spam