Du må vere på når du er på, og heilt av når du er av, sa han
Jun 26, 2024Eg var sendt avgårde til Haukeland for å vurdere operasjon av ein skade eg fekk for ei tid tilbake. Rådet eg fekk av legen har vert med meg kvar dag sidan. Han anbefalte ikkje operasjon fordi risikoen var for stor. Han bad meg heller lytte til kroppen, ikkje trene for hardt og vere på når eg er på og kvile når eg kvila. Eg hadde reist i åtte timar for å få dette rådet, og jammen var det verdt det. Dette var nok ei bekrefting frå universet at eg er på riktig veg.
På mi livsreise har eg alltid vert på søken etter sjelas røyst, der verktøy for å finne gleda i livet og sjelas song, har vert høgt prioritert. På min veg møtte eg coach på eit Thaichi retreat i Jølster, på hausten i fjord, like etter skaden eg hadde påført meg. Mayka drog i ein tråd etter ein anna, og såg helingkrafta eg har med meg. Eg hadde lite tru på Humen design, og synest det var noko overflatisk tull. Eg helde meg til astrologi, då eg føler at dette kan sjå djupt ned i sjela di. Eg kan finne di livsoppgåve, sjå dine utfordringar og sår, samtidig som eg kan sjå kva evner du har. Om du er synsk, sensitiv og kva styrkar du har. Ser eg det i astrologikartet ditt.
Likevel høyrer eg stemma hennar i bakgrunnen; du er prosjektor i humen design. Du skal kvile fleire gangar i løpet av dagen, du skal sove faktisk, sa ho. Eg er då ikkje ei gammal dame, tenkte eg mitt stille sinn. Ho fortsette: «du har ikkje så mykje energi som prosjektor, du skal kvilar, sove allerhelst, så får du gjort mykje meir når du først jobba». For noko tull har eg tenkt. Eg er ustoppeleg, det kan kjennast slik når eg koplar meg på reikikrafta. Eit år etterpå sitter eg her mellom fjell og fjord i refleksjonens verden. Var det ikkje rart at den velutdanna mannen på sjukehuset gav meg same råd….
Her er det rettleiande krefter i gang som verken eg eller du kan ta og føle på.
Har du lurt på om du også har healingevner? Ta quizen min og finn det ut!
Motta 10 healingtips som kan støtte deg i di sjølvutvikling.
Vi sender ikkje spam