Reiki healing var min veg
Eg takkar for alle nydelige møter på alternativ messa, eg var så heldig å ha stand i lag med tre vise kvinner. Eg vil gjerne dele korleis mi reikireise starta, og kva andre portar det opna i mitt sjelsliv.
Astrologi var min inngangsport
I Astrologi utdanninga blei ein del av ei kollokviegruppe der vi kunne snakke om healing, fleire liv, sjå på kvarandre sitt astrologikart og meditere i lag. Gjennom denne gruppa kom eg i kontakt med ei som hadde tatt reiki hos Aimstudeo, det var ei dame på over 70 år som skulle halde sitt siste reikikurs for sine studentar. Nok ein gang kjente eg ein trong til å utforske denne mystiske verden. Astrologilæraren min hadde introdusert meg for esoterisk healing. Likevel var det som om sjela mi ikkje gav meg noko val, eg skulle mot reikihealing.
Der begynte mi reise inn i sjela, reikihealing var superspennande. Eg lærte at det eg tidlegare hadde gjort når eg gav healing, var å gje frå meg eigen energi. Eg var ivrig og ville lære alt det sjela mi lengta etter. Eg hugsa læraren min sa; «åndeteamet mitt seier at kunnskap er som sjokolade for ho, vil berre ha meir og meir» så lo ho.
Når eg fekk opplæring i reiki lærte eg å beskytte min eigen energi, og etter kvart klarte eg å hente ned mykje healingkraft frå reikikilda ved hjelp av reikisymbol som eg hadde fått innvielse i av min reikilærar. Etter kvart fordjupa eg meg i chakra, og korleis eg kunne sjå, føle og hele den energien, slik at kundane sin energie blei rensa, og livsgnisten og energien kom til syne i auga deira. Dette var noko sjela mi lengta etter å dele med fleire, eg kunne føle at erfaringa mi som lærar ville vere ein styrke og tryggheit eg kunne dra inn i formidlinga av reiki.
Som skorpion i mitt sjelteikn elskar eg å jobbe med folk over tid, slik at eg kan sjå dei utviklar sitt fulle healing potensiale valte eg å lansere reikikurs der dei som verkeleg ville lære reiki kan få reiki 1, 2 og reikimester i eit kurs. Berre tanken på å lære vekk denne nydeleg healingkrafta, som inkludera åndeleg healing, åndeleg kontakt, meditasjon, pust, afirmasjonar og kontakt med guidar og hjelparar. Samtidig føler eg ein kontakt med naturen, som eg vil formiddle til mine studentar. Vi er alle ein del av naturen, og når vi lyttar får vi enormt med informasjon.
På dette tidspunktet hadde vi to hus like ved byen, og hadde etter planen tenkt å selje det eine for å få større frihet og fleksibilitet. Eg ville gjerne kjøpe meg ein bybobil og farte rundt kor vinden bar meg, men universet hadde ein anna plan.
Huset blei ikkje selt, dei som var å såg på det hevda at det var for stort, eit kompisar vurderte å bygge det om til to enhetar. Tida drog ut og etter kvart bestemte eg og mannen min å starta selskapet Anijoa AS. Der vi skulle drive med utleige, astrologi og reiki. Slik blei Sunnfjordretreat til.
Reiki retreat for deg som vil ha heling
Til no har eg hatt reikihealingsirklar der, og fleire reiki retreat. Det som er magisk er at reikienergien også fungere på avstand, så det har blitt mange avstandshealingar.
Reiki kurs for deg som vil lære reiki
Eg laga eit reikimesterkurs der vi møtest ein gang i veka over zoom, i 16 veker. Det er oppstart i januar. Eg har fått så mange bekreftelsa på at reiki healing hjelper utruleg mange, spesielt med stress, søvnvanskar og mot eigenkjørlighet, og kunne møte andre som savnar ein djupare meining i livet å få det. Slik som eg fekk for snart tre år sidan. Eg har ein visjon om å lytte og veilede dei som kjem til meg med kjærlighet, verden trenger fleire som vil spreie reikihealing og vere med på å spreie lys og håp. Eg har fått mange spørsmål om kva reiki er for noko, og ynsker å gå litt nærmare inn på det.
Kva er Reiki?
Reiki tydar universell livsenergi, også kjent som den universelle livskraft. Det er ein japansk teknikk som gir balanse og fremjar velværet. Gjennom meditasjoner og stimulering av ulike energipunkt og energisentre på kroppen, blir kroppens naturlege balanse gjenoppretta. Reiki er ein enkel og kraftfull teknikk som er lett å lære og kan lærast av alle. Den styrkar energinivået i kroppen, og kan hjelpe deg med å sleppe taket på psykiske og fysiske utfordringar. Reiki jobbar på alle nivå av vår bevissthet (kropp, sinn og ånd) og kan leie deg til ei djupare forståing av årsakar og samanhengar i livet.
Reiki består av 2 japanske ord - Rei betyr universell og Ki betyr livsenergi.
Rei
Ordet Rei tydar universell, og det er den definisjonen som er akseptert av dei fleste. Forskning av det japanske skriftspråket har funne ei djupare betydning av ideoprogrammet når det blir brukt saman med Ki. Når Rei blir brukt i ordet Reiki, får det altså ei djupare betydning. Ein meir korrekt oversetjing av ordet vil derfor vere ein høgare viten eller spirituell bevisstheit. Dette vil vere den visdommen som kjem frå Gud eller det høgare sjølvet og er ein gudommeleg bevisstheit som veit alt. På den måten får vi hjelp til å bli fullstendige og heile igjen. Slik vi er frå skapelsen si side, når vi er fri frå alle sår er vi rein kjærleik.
KI
Ordet Ki tydar livsenergi og er den universelle livskrafta som gjer det mogleg for oss å leve. Den flyt gjennom kroppen vår og alt som lever, via såkalte energikanalar eller meridianer. Dette konseptet finst i dei fleste kulturar under andre namn - i Kina kallast den “chi”, i India “prana” og i vestleg kultur kallast den gjerne for “lyset”. Vi har dårleg ki og god ki, det som er viktig er at all energi treng bevegelse, gjennom trening eller fysisk aktivitet, yoga og liknande.
Ki har stor betydning i alt vi føretek oss, og er grunnsteinen i våre tankar, kjensler og vårt spirituelle liv. Den strøymer gjennom kroppen på om lag same måte som blodet. Langs kroppens midtlinje finst det sju hovudsentre som kallast chakraer. Desse står igjen i samanheng med våre indre organ. Ut frå desse sju chakraene går 14 Ki - baner, dei såkalte meridianene. Desse går langs armar, bein, sjølve kroppen og hovud. Akkurat som blodårer fører dei Ki ut i mindre og mindre kanalar, heilt til kvar enkelt celle får næring i form av både blod og oksygen
Ki blir styrt av tankane våre
Blodet transporterer surstoff og nærinsstoff rundt i kroppen; Ki transporterar tankar, ideer, kjensler og draumane dine. Derfor har tankane dine; kva og korleis du tenker dei direkte påverknad på cellene i kroppen. Det at sinnet har innflytelse på den fysiske helsa er velkjent. Mange menneske har opplevd fordelane ved positiv tankegang, og nokre hevdar at dei er blitt kurert for alvorlege sjukdomar på denne måten.
Tovegs prosessar
Ki fungerar som ein tovegsprosess der måten du tenker på har innflytelse på din Ki, som igjen påverkar måten du tenker på. Under ei Reiki behandling vil den universelle Ki påverke din personlege Ki, og dette kan påverke måten du tenker og føler på. Reiki påverkar denne tovegs prosessen på ein slik måte at den vil løyse opp emosjonelle og fysiske blokkeringar, og skape friare flyt av Ki i kroppen og auraen. Det er mange faktorar som påverkar Ki-energien i kroppen, deriblant maten du et, veret og menneska du er saman med. Om du er sensetiv har du kanskje allerde merket dette? Gjer det nokre tankar rundt dette
Kven kan lære Reiki?
Ein lærer ikkje Reiki på same måte som andre healingteknikker. Evnen til å utøve Reiki blir overført til eleven via Reiki mesteren / Reiki læreren ved ein
harmoniseringsprosess. Av denne grunn kan nesten alle lære Reiki praktisk talt utan forutgåande erfaring eller evner.
Harmoniseringsprosessen opnar krone-hjarte og handflate chakraene, og skapar ein spesiell kontakt mellom eleven og Reiki kjelda. Deretter blir bruken forklart og demonstrert. Etter dette kan utøveren berre plassere sine hender på klienten i den hensikt å heale, og Reiki energien vil automatisk flyte gjennom utøveren og inn i mottakeren. Reiki 1 kan lett lærast på ein weekend p.g.a. denne unike harmoniseringsprosessen.
Kva er Reiki
Reiki er altså ein japansk avslapningsteknikk som hjelper oss til å skape eller oppretthalde balansen i alle delar av vår væren. Eit holisistisk system, som brukar ein trygg og kjærleiksfull energi med helsebringande krefter. Ved å stimulere kroppens eigen evne til å gjere seg sjølv frisk, fjernast også årsaka til problemet.
Essensen av Reiki er at den rensar kroppen vår og balanserer chakraene. Det bringer harmoni til tankar, kropp og sjel gjennom ein avgiftningsprosess og fremjer ei meir positiv holdning. Reiki skil seg ut frå andre teknikkar ved sine aktiverings prosedyrer, og fordi energien kjem frå den “universelle kjelde”, og ikkje direkte frå behandlaren sjølv.
Reiki har ein meget gunstig effekt på mange forskjellige sykdommar og plager.
Problem som hovudpine, ryggsmerter og stress relaterte tilstander gir god respons av
Reiki.
Lytt til kroppen din
Normalt skuldast ein sjukdom eller smerte ei blokkering av chakraene(våre energisentre). Våre tankar er svært kraftfulle og kan påverke, anten positivt eller negativt på vår psykiske helse og velvære. Hvis vi ikkje er villige til å erkjenne våre kjensler, kan dette resultere i at kroppen vår viser sitt ubehag ved hjelp av fysiske smerter. Ved å bruke Reiki på oss sjølv og andre, kan vi løyse opp i desse energiblokkeringane, gje oss sjølv eit positivt syn på livet og oppmuntre til ein balansert og sunn kropp, tanke og sjel.
Snakk med meg om reiki HER
Har du lurt på om du også har healingevner? Ta quizen min og finn det ut!
Motta 10 healingtips som kan støtte deg i di sjølvutvikling.
Vi sender ikkje spam