Start Her

Velkommen til reiki bloggen

engler guider reiki reikikurs spirituell oppvåkning Jun 01, 2024

Lat oss snakke om healing, og det å oppdage at ein er meir en ein fysisk kropp, som lever her på jorden ein gang. Lat oss drømme oss vekk i at vi har ei sjelsoppgåve som vi skal jobbe med i dette livet. Kan du kjenne deg igjen?

Eg vakna ei natt, for å vere heilt ærleg, hadde eg ikkje sovet eit sekund. Eg følte meg så åleine, sjølv om alt var på stell rundt meg. Nydelege barn, flott mann, fint hus, gode venner og alt det der. Likevel var det som om noko i meg skreik etter merksemd, eg nekta å sjå på det. Det kunne følast som ein trykkokar av kjensler. 

Eg orkar ikkje meir. Eg vandra ut i nattemørket, ut i intet. Eg hadde stengt av all åndeleg kontakt, fordi eg hadde blitt fortalt at det var noko "vås", som vi seier på Vestlandet. 

Eg gjekk der, og visste ikkje kor eg skulle gå, var så desperat, og visste ikkje kven eg var. Aldri før hadde det vert så stille, inni hodet mitt...

Når eg kom ned til krysset der vi bur, hadde eg vanskeleg for å velge veg. Eg blei ståande der så hjelpeslaus, og lurte på vegen vidare. Eg såg oppi treet, og der såg eg fem kvite vesen. Det kunne ikkje vere fantasi? var det dette dei kalte englar? Eg hadde hørt om prinsesse Martha og hennar engleprat, og måten ho blei håna på. Fysj det ville ikkje eg. Pluttseleg såg eg ein skygge ved siden av meg, eg kvapp til. Det var ein varme rundt meg, ein som bærte meg opp i senga, det føltes som om eg flaug. Han bredde på meg dyna, og viste ansiktet sitt, han hadde skjegg og nokre snille auge. Han var ein snill gammal mann, som sat å passa på meg, så eg ikkje skulle gje opp.

Min åndelege kontakt var gjennoppretta, og eg følte meg ikkje lenger einsam innvendig. 

Har du lurt på om du også har healingevner? Ta quizen min og finn det ut!

Ta meg til quizen!

Motta 10 healingtips som kan støtte deg i di sjølvutvikling.

 

Vi sender ikkje spam